Nytt

Påmelding til 2020-produksjonen

25.09.2019

Vi er no klare til påmelding til den 16. SOFORK-produksjonen!

Prosjektet denne gongen er Nyttårskonsert. Vi spelar festmusikk og feirar det nye året.

 

Vi har vore så heldige å få med oss Per Kristian Skalstad som dirigent.

"Dirigenten Per Kristian Skalstad har gjestet samtlige norske orkestre ved en rekke anledninger, og har i mange år vært en etterspurt ballett- og operadirigent.

​Inneværende og kommende år gjester han bl.a. Den Norske Opera og Ballett, Oslo- filharmonien, Kristiansand symfoniorkester, Det Norske Blåseensemble, Stavanger Symfoniorkester, Det Norske Kammerorkester, Kristiansund Sinfonietta, og Den Finske Nasjonalballett samt flere festivaler og mindre produksjoner.

Skalstad var medlem av Oslo Strykekvartett fra 1991 til 2007. Han var 2. konsertmester i operaorkesteret fra 1993 til 2005, og har vært medlem av Det Norske Kammerorkester siden 1988. Han avla diplomeksamen i fiolinspill i 1995 og i orkesterledelse i 2002; begge ved Norges Musikkhøyskole." (www.skalstad.com)

 

Konserten på laurdag 18.januar vert i Førdehuset og på søndag 19.januar skal vi for første gong til Stryn for å halde konsert. Det gledar vi oss veldig til!

Vil du med? Meld deg på! Vi treng så mange som vi kan få på alle instrument.

 

Påmelding innan 13.oktober 2019

Nytt styre

01.03.2019

Det nye styret i SOFORK består av:

Tone Støylen Holgersson -leiar-

Stig Arild L. Reksnes -nestleiar

Beate Kjølstad -kasserar

Simona Fraas Johnsen -styremedlem

Grete Fischer -styremedlem

Leif Aslaksrud -varamedlem

Meld deg på!!!

26. august 2018

No er påmelding og informasjon om produksjonen 2019 nesten heilt klar. Alle artistane i år har tilknytning til Gloppen på ein eller annan måte. Og dirigenten for produksjonen 2019 er Arvid Anthun. Han er utdanna trompetist, har tatt dirigentutdanning og dirigerer Jølster musikklag, Kjølsdalen musikklag og Førde skulekorps.

Som åpningsnummer skal SOFORK spele Johan Halvorsen: «Bojarenes inntogsmarsj». Som avslutningsnummer speler vi Bizet: «Marsj frå Carmen». Dette blir ein flott åpning og avslutning på ein flott konsert!

Dei klassiske artistane som skal spele på konserten er Håvard Gimse som skal spele 1. sats frå Griegs a-moll pianokonsert. Maria Ose skal spele 2. og 3. sats frå Reinecke fløytekonsert i D-dur. Synnøve Nordvik skal synge “Ah! Forse lui… sempre Libera” frå La Traviata.

Marita Holme skal spele Rossini: “Introduksjon, tema og variasjoner”.

Andre artistar vi skal spele med er Sigrid Moldestad. Ho skal ha 2 songar saman med oss og vere konferansier saman med Lars Endre Gimmestad. I tillegg skal Steinar Engelbrektson spele ein song saman med oss og Jørn Moen spele eit par songar. Dette er det vi veit så langt.

 

Vi treng så mange som vi kan få på alle instrument.

 

Øvingshelg blir fredag 16. november til søndag 18. november i Trivselshagen på Sandane. Konserthelg blir fredag 18.januar til søndag 20. januar. Den også i Trivselshagen på Sandane.

Laurdag 19. kan det bli to konsertar, men meir info om dette kjem når ein ser korleis det blir med billettsalet. Søndag 20. januar blir det årsmøte klokka 12.00.

 

Informasjon om produksjonen 2019

2.mai 2018

Då begynner ting å falle på plass for neste produksjon. Dirigenten for produksjonen blir Arvid Anthun. Datoane for konserten 2019 blir: Øvingshelg 16.-18. november 2018. Konserthelga blir 18.-19. januar 2019 på Sandane. Mest truleg blir det også øvingshelg på Sandane. Programmet er ikkje klart, men det er under arbeid.
Sett av datoane, så kjem vi med meir informasjon om øvingsstad og program så snart det er klart. Følg med!

Helsing
SOFORK - styre

Avlysning produksjon 2018

8.jan 2018

Kjære alle påmeldte SOFORK-arar til produksjonen 2018!

Vi må diverre avlyse årets produksjon på grunn av for få påmeldte. Det vil bli for stor kostnad for SOFORK å gjennomføre produksjonen, då vi må leige inn så mange for at vi skal bli eit symfoniorkester som kan spele konsertane våre i april. Dette beklagar vi på det sterkaste. Men vi skal komme sterkare tilbake med ein produksjon i januar 2019.

Vi vil at alle som har meldt seg på og betalt kontingent sender ein mail til kasserar Beate Kjølstad med info om kva for ein konto kontingenten skal tilbakebetales til: beatekj@combitel.no

Vi vil avhalde eit ekstraordinært medlemsmøte laurdag 20.01.18 for å finne ut av vegen vidare. Her vil det vere mulig å delta på nett.

 

Med vennleg helsing

for SOFORK

 

Simona Fraas Johnsen

Informasjon om produksjon 2018

9.aug 2017

Da er datoene for neste års produksjon klar. Det blir øvingshelg 19. - 21. januar. Konserthelgen blir 6. - 8. april.
Sett av datoene, så kommer vi med mer informasjon om øvings- og konsertstad så snart det er klart. 
Programmet er ikke helt ferdig ennå men vi kan røpe 2 stykker allerede nå:
Grieg: Holberg suite
Schubert: Ufullendte symfoni nr. 8

Hilsen
SOFORK - styre

Please reload

Nytt

Påmelding og informasjon om 2017-produksjonen er k...

26 Oct 2016

til alle potensielle, nye og noverande SOFORK - Sogn og Fjordane Symfoniorkester medlemmer. Dette er din invitasjon til den 14. SOFORK-produksjonen.Vi...

Datoene for neste års produksjon 2017 er klar

26 Aug 2016

Det blir øvingshelg 20. - 22. januar i Førde. Konserthelgen blir 10. - 12. mars i Førde og Sandane. Sett av datoene, så kommer vi med informasjon om r...

SOFORK spelar nordisk musikk

27 Jan 2016

Heile fylkets eget orkester kommer til byen!

 

 

Sogn og Fjordane symfoniorkester (SOFORK) inviterer til konsert i Høyanger og Flora samfunnshus, med kon...

Meld deg på!

5 Nov 2015

Endeleg kan du lese meir om SOFORK si 2016- produksjon. Vi spelar nordisk musikk med vår nye dirigent Jan Bjøranger i Høyanger og Florø. Etter nokre å...

Jan Bjøranger - vår dirigent til neste prosjekt

14 Jun 2015

,

Anita

Kjære Sofork!

 

Det er med glede og stoltheit vi presenterer årets nye dirigent; Jan Bjøranger!

 

Han jobbar som fiolinprofessor ved Universitetet i Stava...

Please reload

 

 

 

 

Hovud-

sponsor:

Medlem

av:

Norske Symfoni-Orkesterets Landsforbund

© 2018 by SOFORK