top of page

Meld deg på!!!

26. august 2018

No er påmelding og informasjon om produksjonen 2019 nesten heilt klar. Alle artistane i år har tilknytning til Gloppen på ein eller annan måte. Og dirigenten for produksjonen 2019 er Arvid Anthun. Han er utdanna trompetist, har tatt dirigentutdanning og dirigerer Jølster musikklag, Kjølsdalen musikklag og Førde skulekorps.

Som åpningsnummer skal SOFORK spele Johan Halvorsen: «Bojarenes inntogsmarsj». Som avslutningsnummer speler vi Bizet: «Marsj frå Carmen». Dette blir ein flott åpning og avslutning på ein flott konsert!

Dei klassiske artistane som skal spele på konserten er Håvard Gimse som skal spele 1. sats frå Griegs a-moll pianokonsert. Maria Ose skal spele 2. og 3. sats frå Reinecke fløytekonsert i D-dur. Synnøve Nordvik skal synge “Ah! Forse lui… sempre Libera” frå La Traviata.

Marita Holme skal spele Rossini: “Introduksjon, tema og variasjoner”.

Andre artistar vi skal spele med er Sigrid Moldestad. Ho skal ha 2 songar saman med oss og vere konferansier saman med Lars Endre Gimmestad. I tillegg skal Steinar Engelbrektson spele ein song saman med oss og Jørn Moen spele eit par songar. Dette er det vi veit så langt.

 

Vi treng så mange som vi kan få på alle instrument.

 

Øvingshelg blir fredag 16. november til søndag 18. november i Trivselshagen på Sandane. Konserthelg blir fredag 18.januar til søndag 20. januar. Den også i Trivselshagen på Sandane.

Laurdag 19. kan det bli to konsertar, men meir info om dette kjem når ein ser korleis det blir med billettsalet. Søndag 20. januar blir det årsmøte klokka 12.00.

 

Please reload

bottom of page