top of page

Om oss

SOFORK

Orkesteret hadde sin første konsert på Sandane den 5. mars 1976! Dette orkesteret var i full aktivitet fram til 1980 før det dessverre vart nedlagt. Det hadde så ein 24 år lang tornerosesøvn. Det vart jobba i fleire år i kulissane for å få orkesteret på beina igjen før det igjen oppstod i si noverande form i 2003. Initiativet på 1970-talet kom frå Anders Andersen i Sogn. Denne gongen kom initiativet frå Arvid Anthun og Johan Bengtsson som begge då var tilknytta kulturskulen i Førde.
Kulturavdelinga i Fylkeskommunen vedtok i sin musikkplan å prioritere arbeidet med å få i gang eit eige fylkesorkester. Etter eit innlegg av Arvid Anthun på årsmøtet til Norsk Kulturskuleråd vart det også der vedtatt å starte opp eit symfoniorkester i fylket. NKSR gjekk inn med ei betydeleg prosjektstøtte. Fylkeskommunen følgde opp med både god administrativ hjelp og god økonomisk bistand.
Dei mange kommunane stilte sine musikarar og musikklærarar til disposisjon.

Premierekonserten vart halden i Sogndal 13. mars 2004 til gode kritikkar. Det har skjedd mykje i fylket sidan 1970-tallet. Dei fleste kommunane har no oppegåande musikk- og kulturskular med høgt utdanna musikarar som lærarar. I tillegg har ein fått distriktsmusikarordninga som har gitt oss profesjonelle utøvarar på fleire ulike instrument i fleire kommunar. Dei siste åra har ein fått Opera Nordfjord sitt orkester som er satt saman av profesjonelle krefter. Sogn og Fjordane Symfoniorkester har lagt opp til ein annleis modell i orkesteret si samansetjing. Det har vore viktig å få stor breidde og å legge vekt på det pedagogiske arbeidet slik at ein kan vidareutvikle kompetansen på orkesterspeling i fylket. Sogn og Fjordane Symfoniorkester er no samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar. Orkesteret har ikkje prøvespel, men fri påmelding! På enkelte instrument er der difor venteliste for å komme med. Orkesteret skal vere til inspirasjon for både orkesteret sine medlemmer og for ulike publikumsgrupper, og ein prøver difor å legge samlingane til forskjellige stader i fylket kvar gong. Dirigenten fungerer i samarbeid med orkesteret sitt programråd, som musikalsk leiar. Tone Støylen Holgersson 
er leiar i styret og fungerer som administrativ dagleg leiar.​

bottom of page