top of page

Unge Strykarar

Unge Strykarar er SOFORK si satsing for å få til eit fylkesdekkande orkestertilbud til strykeelevar ved kulturskulane i Sogn og Fjordane - og for å få rekruttert fleire strykarar inn til orkesteret.
Det er strykelærarar frå Sandane, Florø, Førde og Sogndal som er instruktørar ved samlingane, som vanlegvis er to gonger i året.
Musikarar i Unge Strykarar får høve til å vere ein del av SOFORK i enkelte produksjonar, slik at dei får oppleve korleis det er å vere ein del av eit stort orkester.
Spørsmål kan rettast til henriksilfverhielm@gmail.com


bottom of page